Derfor dør nettsidene dine

Vakre og varige brukeropplevelser var temaet på gårsdagens frukostseminar med Netlife Research. Inge Fossland og Thord Foss diskuterte korleis ein kan utvikle nettstadar og identitetar som held seg ferske, i ei tid då teknologien ikkje gjer det.

Byråkrati og seigliva nettlesarar

Det er mange årsaker til kvifor nettstadar forfell. I større organisasjonar må byråkratiet ta mykje av skulda. Fossland nevnte Dustin Curtis og American Airlines-saka som eit eksempel, der ei avdeling med dyktige UX-designarar nærmast føler seg knebla, og må kjempe for kvar minste endring dei foreslår. Når designaren ikkje blir via det ansvaret og den tillita han treng for å gjere jobben sin, endar ein opp med mammut-nettstadar som fint klarer å utrydde seg sjølv.

Ein annan årsak er at vi lenge har gått baklengs inn i framtida. Vi har hatt like mykje fokus på å lage ting som fungerer i gamle nettlesarar, som vi har hatt på å lage ting som vil fungere i framtidige nettlesarar. Dette har ført til at mange nettstadar brukar sølete løysingar, sjølv om nyare teknologi tillet slanke og meir elegante metoder (det tekniske aspektet har eg vore innom før.) Det legg ikkje til rette for eit langt liv.

Mange nettstadar lider av fedme

Jason Fried frå 37signals har påpeika at software har ingen begrensninger i størrelse. Det gjeld nettstadar óg. Den viktigaste årsaken til ein forfallande nettstad er overvekt. I motsetning til ei avis, ein film, eit foredrag eller kva som helst slags anna medium, som ofte er begrensa av fysiske rammer eller andre faktorar, kan du utvide ein nettstad til det meiningslause.

Og det skjer.

Microsoft hadde 10 000 000 sider på sin nettstad. Tre millionar av disse sidene hadde aldri nokon sinne vore besøkt. Det seier seg sjølv at ti millionar dokument er umulig å vedlikeholde. Skal du gjere ein gjennomgang av innholdet, må du pløye igjennom over 250 sider kvar dag i 100 år.

På Microsoft sine sider var 99% av trafikken retta mot 1% av innholdet (Netlife Research.)

Eg tek sjansen på ei samanlikning:

Bok på 1000 sider Hefte på 40 sider
Tung Lett
Krev meir plass Handterlig størrelse
Vanskelig å finne fram i Oversiktlig og ryddig
Vanskelig å begynne på Lett angripelig
Dyrare å produsere Billig, krevar mindre ressursar
Vanskelig å finne essensen Lettfattelig
Avskrekkande Imøtekommande

Kva er formålet med din nettstad?

Skal du dekke eit så stort informasjonsområde at du må fylle 1000 sider for å kommunisere? Eller er det mulig å koke ned innholdet til noko som minner meir om eit lettlest hefte?

Naturligvis er det bøker som må vere 1000 sider — men har din organisasjon behov for ei slik bok? Og, enda viktigare: er dine kunder interessert i ei slik bok?

Lenger levetid og lavare kostnadar med mindre nettstadar

Det er ein direkte samanheng mellom innholdsvolum og nødvendig tid til vedlikehold. Det er óg ein direkte samanheng mellom nødvendig tid til vedlikehold, og kostnadar i forbindelse med nettstaden.

Er du blant dei som har mista kontrollen på nettstaden din, medan utdatert innhold og døde lenker hopar seg opp i eit uhandterlig kaos?

Kanskje du er bedre tjent med eit hefte.


Delta i diskusjonen